• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt
  • Hopp til bunntekst

Norges museumsforbund

Din interesseorganisasjon for museumspolitisk arbeid og faglig utvikling

  • Nyheter
    • Kommende høringer
  • Arrangementer
  • Fagseksjoner
    • Besøks- og attraksjonsutvikling
    • Formidling
    • Forskning
    • Immateriell kulturarv
    • Industri, kommunikasjon og anlegg
    • Kunst- og kunstindustrimuseer
    • Museer som arbeider med samiske tema
    • Museumsledelse
    • Naturhistorie
    • Samlingsforvaltning
  • Jobb i museum
  • Blogg
  • Dokumenter
  • Om Museumsforbundet
    • Kontakt
    • Presse
    • Medlemmer
    • Vedtekter
    • Autorisasjon i Norges museumsforbund
    • Årets museum
    • Museumssignaturer

Systerspel. Om spelet som var og spelet som vart borte

· 13. januar 2023

Vil du huse «Systerspel» i 2023–24?

Om utstillinga
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel er ei vandreutstilling basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. AG spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon. Dei er fleire enn du trudde.

For fyrste gong vert det produsert ei vandreutstilling om spelekvinna kring Noreg og hennar historie. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Voss Herad, Fritt Ord, Voss Sparebank og Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Utstillingseigar:
Osafestivalen v/Ida Dyrkorn Heierland
Utstillingsdesign: Prestegård Design
Innhald: Benedicte Maurseth
Grafisk Design: Modest [Rune Døli]
Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen
Samhandling konsertførestilling: BN Visuals
Lydkollasj – Jørgen Træen

Storleik
Utstillinga er berekna til rom frå 60 m2 og oppover, den kan med fordel vera i større rom for å få meir luft kring tematikken. I tillegg må visningsstaden ha oppbevaringsplass for transportkassar og pallekarmar:

Utstillingsrammer:
– 2 stk europaller med pallekarmar B: 80 cm L: 120 cm H: ca 220 cm
Teknisk utstyr, bannere og print mm:
– 1 stk europall med karmar B: 89 cm L: 120 cm H: ca 100 cm
2 stk utstillingsmontre:
– 1 stk transportkasse (ca. 3 m3, h 200cm)

Innhald utstilling Dette inngår i utstillinga
– 24 Rammer med tematekstar og illustrasjonar B: 110 cm H: 200 cm
– 2 museumsmontre laga for vandreutstilling (flatpakka i transportkassar, kjem med
bruksanvising) B: 110 cm D: 60 cm H: 200 cm inkl. Ledlys i utstillingsmontre.
– Gjenstandar etter spelekvinner
– 2 lydkulisser med avspelingsutstyr
– 4 lyttestasjonar tilrettelagt for utstilling
– 1 stort fotoalbum med tekst og 1 domsprotokoll

Utstillingsstaden skaffar sjølv:
– 1 godstol
– 1 lite bord til fotoalbum
– 1 bord til domsprotokoll, (gjerne ståbord elles lavt bord med stol)
– 4 sitteplassar (stol/krakk/benk) til lyttestasjonar
– 1 stålampe

Tematikk og (anbefalt rekkefylgje)

1 plakat i utstillingsramme (kan plasserast i inngangsparti etc)

1. Intro
1 introtekst
1 hovudbilde til introtekst 1 takk til, tekst
1 lydkulisse
1 lyttestasjon (1 sitteplass)

2. Spelekvinna i bondesamfunnet
1 tematekst
2 illustrasjonar
1 lyttestasjon (1 sitteplass)

3. Spelekvinna som slåttediktar og læremeistar
1 tematekst 1 illustrasjon

4. Spelet som redning
1 tematekst
1 illustrasjon
1 lyttestasjon (1 sitteplass)
1 domsprotokoll (ståbord eller lavt bord med stol)

5. Vekking og fråfall
1 tematekst
2 illustrasjonar
1 lyttestasjon (1 sitteplass)

6. Hamskifte i liv og spel
2 tematekstar
3 illustrasjonar
1 sitteplass
1 lydkulisse (Kristiane Lund. Sjå også same lydkulisse omtala i tekst om monter)

7. Den nye tida
1 Tematekst
4 illustrasjonar
2 utstillingsmontre med gjenstandar

Dei 2 utstillingsmontra med gjenstandane er tenkt i midten av utstilllinga/ som hjarte i utstillinga. Her er også eit lydklipp av Kristiane Lund. (Lydklippet høyrer til den eine gjenstanden, ei gramofonplate)

– Monter 1: Felehus

– Monter 2: Andre gjenstandar, pokaler, gramofonplater, notisbok, brev – Gjenstandstekstar

Lesekrok fotoalbum
Godstolen med eit lite bord og stålampe, her skal fotoalbumet ligge. Dette skal vere ein koseleg krok kor ein kan sette seg ned å bla i albumet.

Dette treng visningsstaden:
Oppbevaringsplass til
– Utstillingsveggane/rammene vil bli transportert i pallekarmar (2 stk) – 2 stk transportkassar til utstillingsmontre
– Emballasje til gjenstandane sin følgjer med utstillinga

Utstillinga kan bookast saman med tingingsverket til Osafestivalen 2022 «Systerspel – Om spelet som var og spelet som vart borte» – ei historisk, personleg og nærgå ande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700-talet og til i dag. Verket fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, manusutvikling, lesing, og komposisjon Birk Nygaard – scenografi og lysdesign

Produksjon
Hildegun Riise – regi, manusutvikling Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen – lydkollasj

Tingingsverket er ein samproduksjon med Riksscenen, og er støtta økonomisk av: Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune og Fritt ord

Booking konsertførestilling:
Benedicte Maurseth b.maurseth@yahoo.no
Tel +47 95 97 99 04

Instutisjon: Osafestivalen AS
Kontaktperson: Ida Dyrkorn Heierland
E-post: ida@osafestivalen.no
Tlf: 47259670
https://osafestivalen.no/systerspel/

Hoved sidebar

Podcast: Spreng grensene!

Søk autorisasjon NMF

Har du mastergrad eller doktorgrad og minimum to års variert museumspraksis, samt vitenskapelige arbeider i henhold til kriteriene, kan du søke om autorisasjon som konservator NMF eller førstekonservator NMF.

Søknadsfrist: 15. september  2025

Les mer om autoriasjon og finn søknadskjema her.

Årets museum

Vinnere av Årets museum

2025 - Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
2024 - Jektefartsmuseet, Nordlandsmuseet
2023 - Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
2022 - Valdresmusea
2021 - Universitetsmuseet i Bergen
2020 - Ingen prisutdeling
2019 - Oslo Museum
2018 - Blaafarveværket
2017 - Nordnorsk Kunstmuseum
2016 - Vest-Agder-museet
2015 - Nynorsk kultursentrum
2014 - KODE - Kunstmuseene i Bergen
2013 - Popsenteret
2012 - Vest-Telemark Museum
2011 - Norsk Teknisk Museum
2010 - NTNU Vitenskapsmuseet
2009 - Jærmuseet
2008 - Lillehammer Kunstmuseum
2007 - Museumssenteret i Salhus
2006 - Internasjonal Kultursenter og Museum (IKM)
2005 - Trøndelag Folkemuseum - Sverresborg
2004 - Midt-Troms Museum
2003 - Ingen prisutdeling
2002 - Norsk Skogbruksmuseum
2001 - Agder naturmuseum og botanisk hage
2000 - Norsk folkemuseum
1999 - Ryfylkemuseet
1998 - Museet i Erkebispegården
1997 - Kystmuseet i Nord-Trøndelag, Woxengs Samlinger

Museumsforbundet mener

Hold deg oppdatert på hva Museumsforbundet mener - høringsinnlegg og andre innspill fra Norges Museumsforbund publiseres jevnlig her.

Footer

Kontakt

Akersgata 43
0158 OSLO

Inngang i Lille Grensen

Tlf. 22 99 31 30
sekretariat@museumsforbundet.no

Logo Kulturrådet  logo Museumsnytt
Logo NEMO      Logo Council of Europe

Følg oss på Facebook

Norges museumsforbund (NMF)

© 2025 · Norges Museumsforbund · Strand & Lund AS · Personvernerklæring