Seminar på Setesdalsmuseet på Rysstad
Valle 21. – 22. september 2020
Seksjon for immateriell kulturarv i Noregs Museumsforbund har sidan vi vart oppretta, årleg invitert til fagseminar for tilsette i musea og andre interesserte. Kvart år sett vi fokus på ulike tema innan musea sine arbeidsfelt, med fokus på relevant teori, anvendte metodar og praksis med immateriell kulturarv. 2015: Sjøfartsmuseet, innleiande drøftingar, 2016: Hardanger Fartøyvernsenter, gode praksisar, case fartøyversentert, 2017: Sjølingstad Uldvarefabrikk, Mandal, teoretisk grunnlag/case: Industri, 2018: Valdresmusea, Fagernes, Musikk og dans på museet, 2019 Norsk Fjellsenter/Norsk Fjellmuseum, Lom, Immateriell natur- og kulturhistorie.
Seksjonen er en del av Museumsforbundet sitt faglege og fagpolitiske arbeid, og skal vere arena for fagleg utvikling og diskusjon om immateriell kulturarv. I styret for seksjonen sit: Heidi Richardson, Anne- Kristin Moe, Ellen Width og Anna Stella Karlsdottir
Musea sitt arbeid med Immateriell kulturarv er av mange forstått som historiske praksisar innan handverk, husflid, mat og musikk. Musea er ofte arena for formidlinga av dette som noko fortidig, noko som blir halden kunstig i live på museet. Men musea har mange andre funksjonar i arbeidet med immateriell kultur.
Hausten 2020 inviterer vi til seminar i Setesdal med utgangspunkt i listeføring av Setesdalskulturen på UNESCO sin representative liste for Immateriell kulturarv og museet sitt arbeid med immateriell kulturarv som omfattar både handverk, fortellartradisjon og folkemusikk og folkedans.
Program, prisar og påmelding
Dag 1: Setesdalsmuseet, Rysstad
Kl. 11:00 Registrering, Setesdalsmuseet på Rysstad
Kl.12:.00 Lunsj, Setesdalssuppe
Kl. 13:00: UNESCO
Tora Aasland: Kva er det Setesdalskulturen er blitt ein del av – kva inneber det for oss av forpliktingar
Gunnar Stubseid: Prosessen med søknaden
Kl. 13:45:
Marit Stranden: UNESCO-effekten på videreføring av tradisjoner, og hva kan gjøres uten å stå på en internasjonal liste?
Kl. 14:45: Kaffe
Kl. 15:00
Anna Stella Karlsdottir: Frå Reiseskildring til turistbrosjyre
Ellen Width: Fra kistebunn til tradering
Heidi Richardson: Maritime tradisjonshandverk i digital tid
Anne-Kristin Moe Etikk og immateriell kulturarv
Kl. 16:15 Terje Planke: Kva skjer med tradisjonen når den får ny status?
Kl. 17.00 Omvising museet (1 time)
Kl. 19.00 Middag på Sølvgarden Hotell
Program: Kulturpatrulja
Dag 2 Sylvartun
Kl. 09.00 Innleiing: Leonhard Jansen
Kl. 9.30 Museet sitt arbeid med immateriell kulturarv med fokus på Bygningsvern, draktskikk og folkemusikk.
Kl. 10.30 Open time
Presentasjon frå andre museum om korleis dei arbeider med immateriell kulturarv
Kl. 11.30 Oppsummering – vegen vidare
Kl. 12.00 Lunsj: grab and go
Informasjon om overnatting, transport, prisar og program:
Seminaravgift kr. 1200,- Avgift dekker seminar, alle måltid,
Deltakarane betaler overnatting og reise sjølve.
Overnatting på Sølvgarden Hotell. For bestilling epost post@solvgarden.no Hugs referansekode UNESCO 2020 . Overnatting med frukost er kr. 960,- (enkeltrom).
Det er framleis ledige plassar – ta kontakt med ask@setesdalsmuseet.no eller 91721361
Forsidefoto: Gustav Wentzel, Dans i Setesdal, 1891. Olje på lerret. Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland