Program:
- «Immateriell kulturarv og museum – vurdering av ulike handlingsalternativ» v/ Magne Velure
- «Fra nasjonal fortegnelse til internasjonale lister, og om instruktør-rollen i Unesco» v/ Camilla Rossing, leder av Norsk Institutt for bunad og folkedrakt
- Det er lagt inn tid til diskusjon og 10 min pause mellom foredraga
Om Magne Velure
Magne Velure, f. 1946 i Ullensvang. Bur på Lillehammer, der han sidan 2015 arbeider med prosjektarbeid gjennom Velure rådgjeving. Mag. art. i folkloristikk ved Universitetet i Bergen i 1972. I perioden 1972-1993 arbeidde han som leiar ved fleire museum: Valdres folkemuseum, Hardanger folkemuseum og Maihaugen, De Sandvigske Samlinger. Han var også leiar av Nordiska museets folkminnessamling i åra 1974-1977.
I perioden 1972-1996 var Velure leiar og/eller medlem i ei rekkje museumsfaglege utval. Han leia arbeidet med og skreiv NOU 1996:7 Museum. Mangfald, minne, møtestad. Han har vore medlem av internasjonale evalueringskomitear, m.a. for å vurdera svenske museum og søkjarar til professorat i museologi.
I åra 1997-1999 utarbeidde Velure sjølvevalueringsopplegget Mål og meining i museumskvardagen for Norsk museumsutvikling. I fleire omgangar har han vore medlem i ulike programstyre i Noregs forskingsråd. I åra 1994-2015 var Kulturdepartementet arbeidsplass, med unntak av to år som høgskuledirektør ved Høgskolen i Lillehammer. I departementet arbeidde Velure som direktør, hovudsakleg med ansvar for prosessar og politiske dokument i prosjektet som resulterte i nybygg på Vestbanen for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Velure har også arbeidd med UNESCO-spørsmål, og han var leiar av den norske UNESCOkommisjonen i åra 2000-2004. I departementet arbeidde han med kulturpolitikk i UNESCOsamanheng, spesielt konvensjonen for vern av immateriell kulturarv (2003-konvensjonen) og med konvensjonen for å verja og fremja eit mangfald av kulturuttrykk (2005-konvensjonen).
Om Camilla Rossing
Camilla Rossing er dagleg leiar for Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, der ho leiar det faglege arbeidet med ansvar for seks tilsette. Ho arbeidde som konservator på instituttet frå 2008 til ho vart tilsett som leiar i mars 2016. I desse åra har ho mellom anna arbeidd med å etablere og leie eit nasjonalt museumsnettverk for drakt og tekstil. Det har årlege samlingar, og tel i dag 15 medlemsmuseum.
Rossing har vidare leia arbeidet med universitetsfaget Drakt og samfunn, som har gjeve handverkarar og kulturhistorikarar eit unikt tilbod innan fagområdet drakt. Rossing har som konservator produsert fleire forskingsarbeid om folkeleg draktskikk, og har delteke på konferansar både i Noreg og Norden. Ho har særleg fordjupa seg i den folkelege draktskikken i Gudbrandsdalen, og endringane i draktskikken der i over 200 år. Rossing har også utarbeidd fleire utstillingar, både lokalt og i samarbeid med andre institusjonar i landet.
Sidan 2015 har ho vore med i det såkalla Instruktørnettverket. Medlemmene der har gått på kurs i regi av Unesco for sjølve å kunne undervise i konvensjonen om immateriell kulturarv. Frå 2016 sit Rossing som medlem i den europeiske og nord-amerikanske evalueringskomiteen under Unesco saman med Norsk Håndverksinstitutt. Komiteen (en av fem i verden) evaluerer samtlege internasjonale søknadar om å verte oppførde på Unescos lister over immateriell kulturarv