Seksjon for immateriell kulturarv i Norges Museumsforbund inviterer til seminar:
Stad: Sjølingstad Uldvarefabrik i Mandal
Tidspunkt: Måndag 6. og tysdag 7. november
Påmelding til: ask@setesdalsmuseet.no eller mobil: 917 21 361 (innan 15. september)
Den immaterielle kulturen er ofte knytt til tradisjonsuttrykk som musikk, dans, og tradisjonelle handverksteknikkar med tre eller tekstil. Men også i møte med industri og teknologi etablerer det seg tause praksisar og handlingar som det korkje finst språk eller manualar for. I Norges Museumsforbund sitt seminar 6. og 7. november får vi innblikk i praksisane innafor den industrielle garn- og vevproduksjonen i Noreg sist på 1800-talet – på Sjølingstad Uldvarefabrikk i Mandal.
Om Sjølingstad
Sjølingstad Uldvarefabrik vart etablert i 1894 og dreiv med produksjon av garn og vevde produkt fram til 1984. I dag er det Stiftelsen Sjølingstad Uldvarefabrik som driv anlegget som ein levande museums-fabrikk. Dei produserer framleis ullvarer på dei gamle maskinene og dei besøkande får sjå prosessane råulla må gjennom før den endar opp som ferdige varer. Då museumsfabrikken vart etablert i 1984 var eit mål å ikkje berre sikre det fysiske anlegget for ettertida, men like mykje bruken av utstyr og maskineri og yrkeskompetansen knytt til dei gamle produksjonsprosessane.
Andre tema under seminaret
I seminaret drøftar vi òg tilhøva mellom kunnskapen og språket, forskinga i feltet – og vi spør kva rammer Unesco-konvensjonen i røynda skapar for den levande kulturarven. På seminaret møter du Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Magne Velure, tidlegare museumsmann og kulturbyråkrat, Olav Hamran, leiar for FoU-seksjonen i Norsk kulturråd, Eivind Falk, direktør ved Norsk håndverksinstitutt og Sylvi Sørensen, avdelingsleiar ved Sjølingstad Uldvarefabrik.
Om initiativtakarane
Det er seksjon for immateriell kulturarv i Norges Museumsforbund som er initiativtakar til seminaret. Seksjonen er ein integrert del av Museumsforbundet sitt faglege og fagpolitiske arbeid, og skal vere arena for fagleg utvikling og diskusjon om immateriell kulturarv. Seminaret er årleg tiltak. I styret for seksjonen sit Anna Stella Karlsdottir, Torveig Dahl, Heidi Richardson og Ole Aastad Bråten.