- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Ei fremtid for setra?
18. april 2023 // 09:00 - 18:00
NOK800Konferanse i museumsprogrammet “Eit skigardsdele”.

Matproduksjon på gardar og til fjells er under press, men kva pressar mest? Hytteutbygging og reiselivsindustri, eller landbrukspolitikk, låge lønningar og indre motsettingar i eige bransje?
Norsk matproduksjon står støtt i mange bygder og omdømet til norskprodusert mat er godt blant norske forbrukarar og importørar frå utlandet. Særleg akta er matprodukt med assosiasjonar til fjellet, slik som seterrømme, setersmør og fjellmandel. Men stordriftskulturen breier om seg og utfordrar dei som vil drive smått og nytte beita og setrene i fjellet. Kva slags verdi har mat produsert på setra og i fjellet?
Vi inviterer med dette til foredrag og debatt om verdien av setrene og beiteressursane i fjellet – og om lokalmatproduksjonen som vinn stadig nye terreng. For kva er utfordringane for dei som vil drive landbruk i fjellet? Kva står på spel – og for kven – når endringane i seterområda skyt fart? Korleis kan politikken – og haldningane i landbruket – bidra til å løfte fram mangfaldet av produksjonsformer?
For påmelding og program: Ei framtid for setra? – Valdresmusea

