- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Fagseminaret 2022 Kulturlandskap og naturpraksisar i arbeid
27. september 2022 // 11:00 - 28. september 2022 // 17:00
KR1000I 2022 inviterer seksjonen til fagseminar på Jærmuseet som tematiserer den tause kunnskapen knytt til ressursbruk. Vi set fokus på immateriell kulturarv i på land og i vann og utfordringar og mogelegheiter med å ta vare på denne kulturarven.
Frå vertsmuseet Jærmuseet vil avdelingsdirektør Per Inge Bøe innleie om utfordringar med å ta vare på immateriell kulturarv på eit landbruksmuseum i dag, og tidlegare direktør Målfrid Snørteland og konservator Anne Jorunn Frøyen fortel om praksisar knytt til tradisjonelt dyrehald.
Vi vil også ha praksissesjonar der deltakarane får nærmare kjennskap til smiing og biavl, og tilby ekskursjonar til to av dei autentiske gardsanlegga som Jærmuseet driv: Limagarden på Høg-Jæren og Grødaland på Låg-Jæren – eit av dei best bevarte gardsanlegga i Rogaland.
Hovudforedraga er knytt til museum som legg særskild vekt på forvalting av kulturlandskapet som del av sin museumsprofil: friluftsmuseet De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum (Musea i Sogn og Fjordane) og det freda klyngetunet Havrå (Museumssenteret i Hordaland).
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med tilflytte bygningar. Museet har ei av dei største og eldste reiskapsamlingane i landet, og gjennom dei siste tiåra har museet lagt vekt på forvalting og formidling av immateriell kulturarv gjennom ei stilling som museumsbonde. Museumsbonden Kjell Krogstad vil fortelje om korleis dei driv gard på museum i Sogn.
Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Havrå rommar store kulturbiologiske verdiar, der den tradisjonelle drifta dannar grunnlag for korleis ein tek vare på og brukar bygg og landskap. Avdelingsleiar Marit Adelsten Jensen vil m.a. fortelje om skjøtselsplan for restaurering og drift av driftsområda med inn- og utmark.
På dag 2 vil vi få høyre om ulike eksempel på prosjekt knytt til ressursbruk. I Mearrasiidas kunnskapsutvekslingsprosjekt mellom Arctic Culture Lab Grønland og Mearrasiida i Billefjord, er formålet praktisk kunnskapsoverføring om selskinn mellom inuittar i Grønland til sjøsamar og andre i Porsanger.
Konservator Merete Ødegaard ved Alta Museum har i fleire år arbeidd med skiferdrift og laksefiske i Alta. Begge deler føreset ein djup kunnskap om natur og naturpraksisar som i generasjonar har blitt overført frå far til son. I foredraget vil ho fokusere på staking, ein spesifikk kunnskap knytt til laksefiske.
Konservator Heidi Richardson ved Hardanger og Voss Museum vil fortelje om handlingsbåren kunnskap knytt til bruk av sjøen, spesielt om jakteskipparane sin kunnskap.
Praktisk:
Medlemsavgift: 1000 kr, fakturerast av museumsforbundet
Påmelding:
https://forms.office.com/r/jEA5ah2buR
Påmeldingsfrist: Fredag 16. September
Overnatting: Jæren hotell på Bryne Kr. 1095,- pr enkeltrom inkludert frukost. Deltakar tingar sjølv rom ved å sende epost til booking@hotelljaren.no og oppgjer «Jærmuseet» for å få avtalt pris.