
Fagseminaret 2025: Musea sitt arbeid med seterkultur og tradisjonsmat
19. august // 09:00 - 20. august // 13:00
kr 1500Seksjon for immateriell kulturarv, Valdres Folkemuseum, Fagernes 19. og 20. august 2025
Årets seminar har matkultur som tema, og i samband med at norsk seterkultur i desember vart skriven inn UNESCO si liste over immateriell kulturarv, blir det spesielt retta fokus mot dette.
Det blir
- Utflukt til Stølsviddas levende støylsmiljø
- Foredrag om setring i historisk perspektiv, immateriell kulturarv på museum, Nordisk seterkultur og UNESCO og matkultur
- Formidlingsaktivitetar på museumsstølen på Valdres folkemuseum
- Speakers corner med eksempel frå museumssektoren
Setring har djupe røter i norsk jordbrukshistorie. På 1800-talet, då seterdrifta var på sitt mest omfattande i Noreg, var over 50 000 setre i bruk. I løpet av 1900-talet har talet på setre i drift gått kraftig tilbake. I dag er det anslått at det berre er 6–700 setre som framleis har drift basert på produksjon av mjølkeprodukt.
Fleire museum tek i dag ansvar knytt til å bevare og formidle seterkulturen i Noreg. Gjennom ulike aktivitetar bidrar dei til å halde kunnskapen om setertradisjonar levande. Vi vil på seminaret belyse dei ulike grepa som blir gjort av musea for å halde seterkulturen i hevd, og kva utfordringar musea opplev. Vi vil også sette eit litt breiare fokus på mogelegheiter og utfordringar musea møter i arbeidet med å ta vare på immateriell kunnskap knytt til tradisjonelle matrettar og produksjonen av desse.
Sjå detaljert program her
Deltakaravgift: 1500 kr per pers inkluderer alle foredrag, utflukt og måltider. Det blir felles transport til og frå Stølsvidda.
Påmeldingsfrist 16. juni til styreleder i seksjonen, Anne Kristin Moe annmoe@misf.no
Deltakarane ordnar sjølv reise og overnatting. Merk at vi startar tidleg på dag 1.
Hotell Scandic Valdres i Fagernes: https://www.scandichotels.no/hotell/norge/fagernes/scandic-valdres
PROGRAM:
Dag 1
09.00 Velkommen ved seksjonen og vertsmuseet
09.15 Immateriell kulturarv på museum, Anne Kristin Moe Fitje
09.45 Nordisk seterkultur og UNESCO. Kva definerar vi som setring i dag?, Knut Ola Storbråten
10.15: Pause
10.30 Setring i historisk perspektiv, Jostein Sande
11.00 Matkultur, Annechen Bahr Bugge
11.30: Avreise til Stølsvidda
12.30 Lunsj på Stølsvidda
Stølsvidda er eit stort samanhengande stølsområde på fjellet mellom Valdres og Hemsedal. Kulturlandskapet er karakteristisk for stølsområda i store deler av Valdres, med konsentrerte stølsgrender med hus, inngjerda stølsvollar og omkringliggande beitelandskap. Stølsvidda fekk status som utvalt kulturlandskap i jordbruket i 2018.
13.15 Besøk på setre i drift
Demonstrasjon av lokking
16.30 Avreise frå Stølsvidda til Fagernes
19.00 Middag på Valdres Folkemuseum
Dag 2
09.00 -11.30 Museumsstølen på Valdres folkemuseum
- Praktiske øvingar: kinning; separering; ta ut ost
- Omvisning i fleire seterhus
11.30 – 12.15 Speakers corner: Matkultur på museum. Eksempel frå museumssektoren.
Vi tek i mot korte innlegg frå deltakarane om tema (avtal på førehand).
12.15-12.45 Vi runder av og oppsummerer temaet: Setring som immateriell kulturarv og setring på museum. Innspel, erfaringar og spørsmål.
13.00 Lunsj og heimreis