- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Immateriell kulturarv på utstilling – Eit interaktivt møte mellom handverkar, publikum og handverk med klinkbåttradisjonen som eksempel
28. august 2025 // 13:00 - 14:00
Immateriell kulturarv på utstilling – Eit interaktivt møte mellom handverkar, publikum og handverk med klinkbåttradisjonen som eksempel
Ingvill Naalsund, leiar for fellestenesta formidling ved Stiftinga Viti – regionsmuseet for Sunnmøre.
Korleis formidlar museum immateriell kulturarv og korleis verkar formidlinga på besøkande si oppleving og meiningsskaping? Denne studien tar utgangspunkt i Båten og mennesket, ei vandreutstilling om klinkbåttradisjonen, der besøkande får eit direkte møte med handverket og handverkaren og kan interagere med eit mangfald av formidlingsformer, også utøvande og praktiserande. Som medprodusent reflekterer ho rundt formidlings- og læringsformene som er tatt bruker, frå eit innside og praktikarperspektiv. Gjennom analyse av data frå observasjonar og intervju, og eit teoretisk perspektiv med vekt på formidlings- og læringsteori, utforskar ho dei besøkande sine opplevingar og refleksjonar. Analysen viser korleis taktile erfaringar og dialog leia til auka meiningsskaping, egna til å aktivere og fremme engasjement og forståing.
Ingvill Naalsund er leiar for fellestenesta formidling ved Stiftinga Viti – regionsmuseet for Sunnmøre. Ho har ein BA-grad i historie, har studert nordisk språk og litteratur og tatt vidareutdanning innan forsking i musea. Ho arbeidar hovudsakleg med utvikling av formidling, mellom anna utstillingar, og har bakgrunn som museumspedagog og lærar i vidaregåande skule.
Delta på digitalt seminar her:
på Microsoft teams
Møte-ID: 325 929 612 874
Passord: jZaNJm


