- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Konferanse: «Fjellets verdi»
12. mai 2022
Torsdag 12. mai på Valdres Folkemuseum
Lengselen til naturen er stor for mange, men draumen om eit liv til fjells er ikkje den same no som før. I gamledagar var det budeielivet som dominerte på stølane. I dag er det puddersnø og vennelag som dreg folk til fjells. Kva håp og draumar ber dei på, dei som i dag finn vegen til fjellet; til stølar, hytter, leilegheiter og hotell?
Bakgrunn:
Frå Norsk kulturråd har Valdresmusea, Lillehammer Museum og Randsfjordmuseet fått støtte til studie av forvaltarretten i norske støls- og utmarksområde. I prosjektet undersøkjer vi korleis støls- og utmarksområda vart forvalta før i tida, korleis denne forvaltinga er utøvd i dag, og vi stiller spørsmål om kva som vil vere ei hensiktsmessig forvalting i framtida. Prosjektet har fått namnet «Eit skigardsdele». Fortidsminneforeningen, Naturvernforbundet, Norsk seterkultur, Universitetet i Oslo og Valdres Natur- og Kulturpark er samarbeidspartar.
Konferansen:
Tema for konferansen er fjellets verdiar. Kva er økonomisk og kjenslemessig verdi for nokon – og tap av dei same verdiane for andre? Kva står på spel – og for kven – når endringane skyt fart? Fagpersonar frå heile landet skal drøfte, berike og belyse ein tematikk og debatt som i liten grad elles romar nyanserer og eit mangfald av stemmer. Velkomen!
Fullstendig program finn du her: Fjellets verdi – program – Valdresmusea
Fakta:
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 12. mai 2022
MÅLGRUPPE: Alle med interesser for utviklinga i fjellet
PRIS: Kr 800 (inkl. lunsj)
DIGITALT: Arrangementet vil òg bli streama
ARR: Valdresmusea, Randsfjordmuseet og Lillehammer museum
PÅMELDINGSFRIST: 28. april
FOREDRAGSHOLDERE:
Tor Arnesen, forskar i Østlandsforskning
Jon Halvor Midtmageli, ordførar i Øyer
Arve Noreng, dagleg leiar i Leve Hytter
Gaute Brochmann, arkitekturkritikar, redaktør i tidsskriftet Arkitektur N
Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen
Sigurd Hverven, stipendiat i filosofi ved NTNU
Mari Synnøve Stakston, konservator ved Lillehammer museum
Ulf Ullring, nasjonalparkforvaltar i Langsua Nasjonalpark
Rolf Erik Poppe, arealplanleggar i Nord-Aurdal kommune
Kristina Skåden, førstekonservator ved Lillehammer museum
Tom Bratrud, amanuensis ved Universitetet i Oslo

