- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Konferanse: Naturkrise=kulturkrise
28. oktober 2024 // 19:00 - 29. oktober 2024 // 17:00
kr 800Verda er ramma av krig og naturkrise. Her heime er presset på naturressursane større enn nokon gong. Korleis påverkar dei dramatiske hendingane i verda vår eigen kvardag? Korleis kan vi sikre ei berekraftig framtid for eigen natur og kultur?
Fjellet og utmarka er viktige ressursar for dei som driv skogbruk, kjøt- og mjølkeproduksjon. For hyttefolk og andre er naturen òg til glede og inspirasjon. I naturen møtest menneske med ulike interesser og behov. Av slikt oppstår motsetningar, men òg dialog og nye moglegheiter. Stadig fleire kjempar om tilgangen til naturressursane. Men er det plass til alle?
Med ei global klimakrise og krigar i Europa og Midtausten blir spørsmål om sjølvforsyning og bevaring av matjord og kulturminne viktige spørsmål også her heime. Korleis påverkar dei dramatiske hendingane i verda vår eigen kvardag? Kva kan bygda lære av dei store krisene? Korleis kan vi sikre natur- og kulturressursane best for framtida?
I museumsprosjektet «Eit skigardsdele – frå stølskultur til hytteindustri» undersøker musea i Innlandet ulike forvaltningspraksisar i sterkt utbygde støls- og utmarksområde. På årets konferanse spør vi korleis vi alle kan bidra til ei berekraftig framtid med fokus på samarbeid og inkludering og langsiktig forvalting av naturressursane.
Vi ser òg utviklinga i lys av erfaringane frå Lake District i England. Her har ein drive turisme sidan 1700-talet. Sameksistensen har skapt spenning og konflikt mellom ulike miljø og interessentar, men òg vekst, verdiskaping og ei framtid for bygda.
Meld deg på konferansen. Påmeldingsfrist er 11.oktober.
Konferansen er del av museumsprogrammet «Eit skigardsdele». Programmet har støtte frå Kulturdirektoratet. Se program

