- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Kulturpolitisk debatt: Ein tredje kamp om det nasjonale på Jørn Hilme-stemnet
12. juli 2018 // 12:00 - 14:00

Jørn Hilme-stemnet og Valdresmusea ynskjer velkomen til debatt om «det nasjonale», torsdag 12. juli på Valdres Folkemuseum. I debatten grip vi fatt i tematikken frå museet si nye utstilling, Fargerike fellesskap – kvitt raseri, og spør korleis nasjonalismen i Noreg har endra seg etter 1945. I panalet møter vi Egil Bakka, Hallgrim Berg og Camara Joof.
Det er utstillinga «Fargerike fellesskap – kvitt raseri» som dannar av bakteppet for debatten. Utstillinga tematiserer det nasjonale kulturfellesskapet etter 1945, og spør korleis nasjonen har romma ei rekke parallelle samfunn; ekkokammer utanfor den offentlege samtalen, minoritetar utan rettar og grupper på sida av det store fellesskapet. Altså, den etablerte innanforskapen og den store utanforskapen.
I Noreg står den tradisjonelle folkekulturen i ei særstilling fordi denne har gitt innhald til eit nasjonalt kulturfellesskap. Folkedrakta frå Hardanger er ikkje berre tradisjonelle klede frå Vestlandet. I åra 1890—1910 fekk denne drakta status som nasjonaldrakt. Tradisjonell kultur i musikk og dans, språk og klede har vore halde levande i særskilte miljø i over hundre år, men har også spelt rolla som nasjonalt image og vore uttrykk for viktige fellesskapsverdiar.
Den folkelege kulturen står òg i kamp. Når noko står på spel i norsk politikk, til dømes under EU-avstemminga i 1994, tyr vi til den tradisjonelle kulturen og gjer denne til verkemiddel for våre standpunkt. I debattar for eller imot sentralisering, i debattar om råderetten over naturressursane (kraftutbygginga i Hardanger i 2010) og i diskusjonane om kva norsk kultur skal vere (utspel frå Høgre i 2016) er draktene, musikken, dansen og språket verkemiddel og navigasjonssøyler i debatten.
Debatt
I debatten ynskjer vi å halde fokuset på nett dette, om kva plass den tradisjonelle kulturen skal ha i vår tid. Skal han spele rolla som nasjonal og samlande eller høyrer han fyrst og fremst heime i organisasjonsliv og avgrensa miljø? Er det dei internasjonale pliktene gjennom UNESCO-konvensjonen som skal sikre framtida for den tradisjonelle kulturen – eller skal vi på anna vis gi plass til norsk språk, musikk og dans, lik andre kulturformer i vår tid? Kva status skal vi gi den tradisjonelle kulturen i 2018?
Spørsmål om arrangementet kan du rette til direktør ved Valdresmusea, Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635, e-post: ole.aastad.braten@valdres.museum.no, eller dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, Ellen Persvold, mobil 990 31 511, e-post: ellen@hilme.no.
Velkomen til debatt!

