Kystens kulturmiljø – konferanse 2026
14. oktober - 15. oktober
kr 500Riksantikvaren, Vestland fylkeskommune og Forbundet KYSTEN inviterer til konferanse om kystens kulturmiljø. Konferansen er retta mot frivillige organisasjonar, kulturmiljøforvaltinga, kommunar og private eigarar av fartøy, naust og sjøhus, handelsstadar og gjestgivarstadar.
Den 14. oktober vil det vere felles samling med føredrag og innlegg som løftar fram det rike mangfaldet av kulturmiljø langs kysten, og dei mange aktivitetane som bidreg til å ta vare på og vidareutvikle denne kulturarven. Om kvelden inviterer vi til ei felles oppleving av kystkultur på nært hald, med servering. Den 15. oktober blir det parallelle sesjonar med desse temaområda:
- Naust og sjøhus
- Fartøyvern, små og opne båtar
- Handelsstadar og gjestgivarstadar langs kysten
Programmet blir jamleg oppdatert på Riksantikvarens nettside. Frist for påmelding: 12. juni
PRAKTISK INFORMASJON
Deltakaravgift: Kr. 500. Det dekkjer lunsj båe dagar, frukt og kaffi.
Kveldsarrangement med servering kr 480.
Overnatting: Deltakarane må sjølv bestille overnatting i Bergen. Vi har ein avtale med Thon Hotell Bryggen om 100 rom. Bruk reserverasjonsnummer 30855910 ved bestiling. https://www.thonhotels.no/event/riksantikvaren/ Pris per rom er kr 1795.
Meld deg på her: påmeldingsskjema

