Mellom alter og monter. Seminar om samarbeid mellom museum og kyrkje
28. september - 29. september
kr 1800
Kyrkja og kulturminnevernet er kjempar og verdiforvaltarar av alt det som bitt oss saman: håpet, songen, materialbruken og handverket – alt det vakre som vi kan strekke oss etter og gripe, og det som vi berre delvis kan sjå eller forstå.
Dei er mektige historieforteljarar – og kjelder til kunnskap om tenkemåtar og samfunn som ikkje lenger eksisterer. Dei er omdreiingspunkt for utvikling av ny kunnskap, og dei står stadig i sentrum for dialog om fellesskap og tilhøyrigheit. Slik har kyrkjene stor betydning for forminga av også moderne identitetar.
Kyrkjene er heilage tempel. Men dei har også bidratt til det vitskapelege prosjektet i Noreg i over 200 år. Wilhelm Koren Christie var framsynt samfunnsbyggar og meinte at «de historiske samlinger vil utbrede Lys over den norske Historie, og at Landets Indbyggere – ved at lære at kjende disse Skatter – kan høste Fordele af dem».
200 år seinare erfarer vi at kulturminna – og dermed også kyrkjene – stadig er til nytte for forskinga – om byggjestil, materialitet, eller økonomisk historie. Kyrkjene og kulturarven utgjer uerstattelege verdiar, og dei dannar framleis eit grunnlag for vitskapen og forståinga vår av verden.
Kyrkjebevaringsfondet gir tilskot til at museum og kyrkja kan samarbeide om kunnskap og kompetanse, formidling og oppleving, engasjement og deltaking.
No undersøker vi kva vi kan oppnå med eit tettare samarbeid mellom museum og kyrkje. Kva drøymer vi om og korleis kan kyrkja og musea oppnå meir saman?
Forsidebilde: Anne Marit Noraker

