- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Museumspedagogisk påskeseminar 2020
30. mars 2020
Museumspedagogisk påskeseminar 2020
Museumspedagogisk påskeseminar er eit tilbod til museumsformidlarar frå heile landet. Her blir me kjend med andre som arbeider innan same felt, lærer av kvarandre, deler erfaringar, diskuterer og held føredrag. Føredraga spenner frå formidlingserfaringar museumsfolk ynskjer å dele til forsking innan museumsfag.
Omkring i Noreg er det fleire tusen små og store museum som formidlar kunnskap innan mange fagfelt. På Museumspedagogisk påskeseminar kan alle som arbeider med dette kome saman og utveksle erfaringar knytt til pedagogikk, utvikling av utstillingar og arbeid med publikum.
Seminaret inneheld føredrag, diskusjonar, utstillingsbesøk og uformell prat i pausane.
Bli med og lær av kvarandre sine erfaringar og refleksjonar! Møt kollegaer, delta i diskusjonar og samtalar, og sjå utstillingar på Naturhistorisk museum.
Frist for påmelding 2020: onsdag 10. mars
Ordinær pris: 450 NOK
Studentar/arbeidsledige: 250 NOK
Klikk her for å gå til påmeldingsskjema.