- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Musikk og dans på museum. Kultur i tida – eller fortida?
22. oktober 2018 - 23. oktober 2018

Seminar på Valdres Folkemuseum på Fagernes 22.—23. oktober 2018
Påmelding til: ask@setesdalsmuseet.no eller mobil: 917 21 361 innan 30. september
Seksjon for immateriell kulturarv i Noregs Museumsforbund har i to år skipa til fagseminar for tilsette i musea – og andre interesserte. Seminara har vore svært populære og i 2017 var 30 deltakarar samla på Sjølingstad Uldvarefabrikk i Mandal. I år inviterer vi til seminar på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Tema denne gongen er musikk og dans på museum.
Immateriell kulturarv er av mange forstått som historiske praksisar med liten relevans for dagens menneske. På museum er immateriell kultur «forteljinga om i går» og tradisjonskulturen blir ofte framstilt gjennom historiske tablå. Slik bidreg musea til myteskapinga og held vedlike ideen om at kulturarv er noko som høyrer til i fortida.
På årets seminar vender oss bort frå den historiske innpakkinga og spør korleis stoda er for den tradisjonsrike musikk- og dansesjangeren i dag. Korleis greier utøvarane å balansere mellom tradisjonsforankring på eine sida og kreftene innfor underhaldningsindustrien på andre sida? Kva skjer med folkemusikken og -dansen i møte med utdanningsinstitusjonane og festivalane? Og kva kan musea lære av utøvarane i feltet?
Dei som er med
Møt Ellen Persvold, Gjermund Kolltveit, Elisabeth Kværne, Siri Mæland, Anne Hytta, Heidi Richardson – og supergruppa Sudan Dudan. Foredragshaldarane reflekterer rundt forhold som tradisjon og nyskaping, og dei set den museale framføringspraksisen under lupa.
Overnatting, transport og prisar
- Seminaravgift kr. 1 200,-. Avgift dekker seminar, alle måltid og kveldskonsert med Sudan Dudan. Deltakarane betaler overnatting og reise sjølve.
- Overnatting på Fagernes hotell. Ved bestilling, ring 61 35 80 00, tast 2 (andre spørsmål) og du kjem fram til resepsjonen på hotellet. Hugs referansekode, som er Norges Museumsforbund, eller talkode 46617162. Overnatting med frukost kostar kr. 1010,- (enkeltrom).
- Buss frå Oslo, sjå nor-way.no
- Tog frå Bergen, sjå nsb.no

