- Dette arrangement har allerede funnet sted.
SEMINAR: Skeiv bygdehistorie
15. oktober 2020 // 09:00 - 21:00

STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 15. oktober 2020
Musea er del av infrastrukturen i eit demokrati. Men demokratiet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det. Derfor har arkiva og musea plikt til å sikre spor etter oss alle. Korleis kan homohistorie og kjønnsoverskridande praksis bli ein større del av museet sitt arbeid?
Valdresmusea og Randsfjordmuseet ynskjer velkomen til seminar om skeiv bygdehistorie torsdag 15. oktober på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Målet med seminaret er å løfte fram mangfaldet av livshistorier. Målgruppe er tilsette i museum og arkiv, stundetar, forskarar, politikarar, bygdefolk og andre interesserte. Seminaret blir til i samarbeid med Opplandsarkivet og Skeivt arkiv.
Deltakaravgift kr 800,- (inkluderer seminar og festmiddag), elles kr 400,- (for dei som berre skal vere med på seminaret). Maks 50 deltakarar.
PROGRAM
12.00 Velkomen ved Hans Philip Einarsen og Ole Aastad Bråten
12.30 Arbeidet ved Skeivt arkiv, ved Bjørn André Widvey
13.00 Skeiv sex før homoseksualiteten kom til Norge, ved Tone Hellesund, Universitetsbiblioteket i Bergen
13.45 Kaffi og småkaker
14.00 Petronelle Nielsen (1797-1886) og dagbøkene hennar, ved Marie Kløvstad Øye
14.30 Skihopparen Johanne Kolstad (1913-1997), ved Ole Aastad Bråten
15.00 Rosengård og maskerade – kjelder og idear for skeiv bygdehistorie, ved Bjørn Sverre Hol Haugen
15.45 Kaffi og småkaker
16.00 Interseksjonalitet og doble minoritetar, ved Thee-Yezen Al-Obaide
16.45 Samtale: Inge Alexander Gjestvang (Foreningen FRI), Ragnhild Lund (leiar i Valdres Pride) og ein politikar frå Hadeland. Tema: utfordringar, politikk og mobilisering. Ordstyrar: Knut Aastad Bråten
18.00 Oppsummering
19.00 Middag, fest og underhaldning
Påmelding til: ole.aastad.braten@valdres.museum.no
Overnatting bestiller du på Fagernes hotell, telefon 61 35 80 00, eller Fagernes camping, telefon 61 36 05 10.

