
Tid: 22.–23. oktober
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Seksjon for immateriell kulturarv har sidan 2016 skipa til fagseminar om alt frå språk og teknologi, til handverk og kystkultur. I år inviterer seksjonen til seminar om musikk og dans.
Immateriell kulturarv er av mange forstått som historiske praksisar med liten relevans for dagens kultur, produksjon og verdiskaping. På museum er immateriell kultur gjerne «forteljinga om i går» og tradisjonskulturen blir ofte framstilt gjennom historiske tablå. Slik bidreg musea til myteskapinga og ideen om at kulturarv er noko som høyrer fortida til.
På årets seminar rettar vi blikket mot folkemusikken og folkedansen. Vi vender oss derimot bort frå den historiske innpakkinga og spør korleis stoda er for den tradisjonsrike musikk- og dansesjangeren i dag. Korleis greier utøvarane å balansere mellom tradisjonsforankring på eine sida og kreftene innfor underhaldningsindustrien på andre sida? Kva skjer med folkemusikken og -dansen i møte med utdanningsinstitusjonane, festivalane og plateselskapa? Og kva kan musea lære av utøvarane i feltet?
Program, prisar og påmelding
På seminaret møter du musikarar, dansarar, forskarar og museumsfolk frå heile landet. Les meir (prisar, overnatting, transport og påmeldingsinfo) i vedlagte program.
Velkomen til seminar i Valdres!