Bjørn Sverre Hol Haugen, ph.d. i kulturhistorie og førstekonservator NMF ved Norsk Folkemuseum, har gått inn som ny redaktør for Norsk museumstidsskrift. Han har tidlegare vore redaksjonsmedlem og medlem av redaksjonsrådet.

Velkomen som ny redaktør, Bjørn Sverre! Kva visjonar har du for tidsskriftet dei kommande åra, og kva gler du deg mest til i den nye rolla?
Eg gler meg veldig til å hjelpe fram gode museumsforskarar. Her kjenner eg at all erfaringa mi frå skrivekurs i musea og rettleiing av studentar ved universitetet verkeleg kjem til nytte. Eg likar godt å arbeide med tekst, både eigen og andre sin, og det siste får eg rikeleg høve til som redaktør. Om eg skal meisle ut ei målsetting så må det vera omsorgsfull publisering av relevant museumsforsking.
Forsking i musea er ein del av musea si kjerneverksemd, og musea målast etter kor mange publiserte forskingsartiklar med fagfellevurdering dei produserer kvart år. Samstundes opplever fleire museum avgrensa tilgang til relevant og oppdatert litteratur. Kva tankar gjer du deg rundt forskingskvardagen i musea?
Det har skjedd veldig mykje bra med forskingsvilkåra i norske museum dei siste 15 åra. Fleire utviklingsprosjekt, større forståing for forskinga sin plass i musea og felles registreringsverktøy med resten av forskingsfeltet er døme på framgang. Like fullt opplever mange at forskingstida er fragmentert, og at støttefunksjonane vantar eller smuldrar bort. Eg let gjerne andre føre dei store forskingspolitiske kampane, så kan eg heller bidra til fleire suksesshistorier som kan tene som gode døme. Ein nykkjel til det meiner eg er samarbeid – med forskarar i UH-sektoren og mellom museum. Forpliktande samarbeid er ei god drivkraft for å få betre framdrift, struktur og kvalitet på museumsforskinga.
Kva tema kan vi vente oss i den neste utgåva av Museumstidsskriftet?
Norsk museumstidsskrift er ope for ei veldig stor breidde av tema og fagområde; berre det kjem fram relevant, ny kunnskap for museumsfeltet så er vi positive. Vi satsar på opne nummer framover, så tematikken vil femne vidt. Like fullt ser vi ein tendens gjennom dei ti åra tidsskriftet har levd, med overvekt av museologisk forsking. Det held fram i artiklane vi sitt og vurderer for tida, med kulturhistoriske tema som ein god nummer to. Nett kva som kjem i det fyrste nummeret med meg i redaktørstolen, det kjem eg gjerne tilbake og fortel om.
Kristina Skåden, førstekonservator NMF ved Lillehammer Museum, går av som redaktør etter tre år. Hu fortset som redaksjonsmedlem i Norsk museumstidsskrift. Hennes siste utgåve som redaktør vart publisert i desember: Norsk museumstidsskrift | Volum 11 | Utgave 1-2 | Innholdsfortegnelse
Om tidsskriftet:
Norsk museumstidsskrift publiserer fagfellevurderte vitskapelege artiklar, bokmeldingar/bokessay og utstillingskritikkar. Tidsskriftet blir utgjeve på Scandinavian University Press og skal famne breidda av forsking ved dei norske kulturhistoriske, kunsthistoriske og naturhistoriske musea. Det skal også gi rom for museumsrelevant forsking i universitets- og høgskolesektoren innan museologi, kunsthistorie, kulturhistorie, arkeologi, antropologi, historie, konservering samt andre relevante fag. I 2025 markerte Norsk museumstidsskrift 10 år som tidsskrift.
Norsk museumstidsskrift eiges av Norges museumsforbund og har ein uavhengig redaksjon og eit redaksjonsråd, som blir utnemnt av styret i Norges museumsforbund.

