Ynskjer du å forske i musea?
På Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen er det mogeleg å lære meir om korleis ein utformar eit godt forskingsprosjekt i eige museum og kva krevst av ein vitskapleg artikkel for å formidle forskinga.
UiB tilbyr to samlingsbaserte vidareutdanningsemnar for museumstilsette som ynskjer seg kompetanse om forsking på museumsrelevante tema og publisering av vitskapleg arbeid. Kursa er utarbeidd i samarbeid med Norges museumsforbund.
Dei to emna er på 15 studiepoeng kvar og kan takast kvar for seg eller i samanheng. Kvart emne går som deltidsstudium over eitt semester med tre samlingar ved Universitetet i Bergen.
Haust 2022: MUSE620 Å forske i og på museum
Emnet skal gje grunnleggjande forskingskompetanse om teori, metode og forskingsetikk, samt trening i å konkretisere forskingstema. Søknadsfrist: 1. juni 2022
Vår 2023: MUSE621 Vitskapleg publisering for museumstilsette
Emnet skal gi kjennskap til korleis ein skriv og får publisert vitskaplege tekstar, særleg i fagfellevurderte tidsskrift. Deltakarane skal også få trening i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit eige forskingsprosjekt. Søknadsfrist: 1. desember 2022
Les meir og søk plass innan 1. juni 2022