Endeleg kan vi treffast! Etter lang tid utan fysiske møtestader, er styret i seksjon for leiing svært glade for å kunne invitere til leiarseminar til hausten! Vår ambisjon er å skapa ein møtestad for museumsleiarar, med ulike tema som ramme. Derfor har vi, i tillegg til det som teiknar til å bli eit svært spennande program, lagt opp til romsleg med tid for dei gode samtalane.
Tema for årets seminar: Mangfaldsleiing
Å leia eit museum er ein allsidig jobb! Museumsleiing byr på eit stort mangfald av fagoppgåver, omfattar mange samarbeidspartnarar og er tenkt å løyse mange samfunnsutfordringar. Denne gongen har styret for museumsleiing i Norges Museumsforbund gleda av å ønskje dykk velkomne til seminar rundt tema Mangfaldsleiing.
I det siste tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet har me alle blitt utfordra på mangfald.
Kva er mangfald i museumsvera? Er det først og fremst knytt til ei mangfaldig målgruppe for arbeidet vårt? Me skal inkludera og vera tilgjengelege for alle. Me museumsleiarar tilset mange dyktige medarbeidarar, men har me mangfaldige tilsette i norske museum i dag? Blikka deira er også viktige for å kunne dokumentere, forske og formidle mangfaldet i det norske samfunnet. Treng me eit nytt og breiare perspektiv på samlingane våre? Departementet ber oss om å lage gode og langsiktige strategiar for mangfald i musea våre. Me skal leggje vekt på samfunnsgrupper som i dag er underrepresenterte, men let dette seg sameine med kravet til stendig meir profesjonalisering i musea våre?
For å setje lys på og debattere mangfaldsleiing i norske museum, har me invitert foredragshaldarar frå forskingssektoren, næringslivet, politikken og museum.
Stadfesta foredragshaldarar:
Michelle A. Tisdel
har doktorgrad i sosialantropologi og har jobba som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket sidan 2008 med fagansvar for emna migrasjon og mangfald.
Åse Røthing
er professor ved OsloMet med brei røynsle innan emna mangfald og normkritisk pedagogikk.
Steinar Olsen
er Stormberggründer og eigar med mangeårig røynsle frå praksisfeltet mangfaldsleiing.
Guri Langmyr Lochev
er leiar for seksjon for Infrastruktur og Mangfald i Kulturrådet. Ho er Cand.polit. i sosialantropologi.
Seminaret i år vert lagt til Oslo, høvesvis til Gamle Museet (tidlegare Astrup Fearnley Museet) og nye Munch. Som tidlegare blir dette eit lunsj til lunsj-arrangement. Sjølve seminaret vert på Gamle Museet, medan vi får ei eksklusiv omvising på ettermiddagen og middag på måndagskvelden i dei nye lokala på Munch.
Tidleg i september sender vi ut påmeldingsskjema og endeleg program.
Hald av datoane allereie no!