Seksjon for immateriell kulturarv inviterer til seminar på Valdres Folkemuseum på Fagernes 22.—23. oktober. Tema denne gongen er musikk og dans på museum. Påmelding til: ask@setesdalsmuseet.no eller mobil: 917 21 361 innan 30. september
Tema:
Immateriell kulturarv er av mange forstått som historiske praksisar med liten relevans for dagens menneske. På museum er immateriell kultur «forteljinga om i går» og tradisjonskulturen blir ofte framstilt gjennom historiske tablå. Slik bidreg musea til myteskapinga og held vedlike ideen om at kulturarv er noko som høyrer til i fortida. På årets seminar vender oss bort frå den historiske innpakkinga og spør korleis stoda er for den tradisjonsrike musikk- og dansesjangeren i dag. Korleis greier utøvarane å balansere mellom tradisjonsforankring på eine sida og kreftene innfor underhaldningsindustrien på andre sida? Kva skjer med folkemusikken og -dansen i møte med utdanningsinstitusjonane og festivalane? Og kva kan musea lære av utøvarane i feltet?
Dei som er med:
Møt Ellen Persvold, Gjermund Kolltveit, Elisabeth Kværne, Siri Mæland, Anne Hytta, Heidi Richardson – og supergruppa Sudan Dudan. Foredragshaldarane reflekterer rundt forhold som tradisjon og nyskaping, og dei set den museale framføringspraksisen under lupa. Sjå vedlagt program.