Seminar på Nord-Troms Museum 1.–2.september 2021
Seksjon for immateriell kulturarv i Noregs Museumsforbund har sidan vi vart oppretta, årleg invitert til fagseminar for tilsette i musea og andre interesserte. Kvart år sett vi fokus på ulike tema innan musea sine arbeidsfelt, med fokus på relevant teori, anvendte metodar og praksis.
I 2021 inviterer vi til seminar i Nord-Troms med utgangspunkt i kvensk/norsk-finsk kultur. Kvenene / norsk-finske er busett over eit stort geografisk område og kulturen er mangfaldig. Den immaterielle kulturen er ein stor del av identiteten, men få snakkar språket. Kulturarven vert praktisert, men er i liten grad dokumentert og det som er dokumentert er i liten grad tilgjengeleg. Det etterlysast konkrete og varige tiltak. Vi ønsker gjennom seminaret å aktualisere temaet:
Korleis kan musea bidra i forvalting av kvensk/norsk-finsk immateriell kulturarv?