Styret for Norges museumsforbund har tilsett Hanne Kristin Jakhelln i stillinga som generalsekretær i Norges museumsforbund. Jakhelln overtar etter Liv Ramskjær – som har vore generalsekretær sidan 2013.
Hanne Kristin Jakhelln er eit kjent namn i norsk kulturliv. Ho har sidan 90-talet hatt ei rekke leiande stillingar, m.a. som direktør ved Norsk Luftfartsmuseum og Nordnorsk Kunst- museum. Jakhelln har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Tromsø.
Med Hanne Kristin Jakhelln vil Museumsforbundet få ein modig og framoverlent leiar, og ein leiar som er godt kjent med museumssektoren og den offentlege forvaltinga. Jakhelln har erfaring frå store og små organisasjonar – og ho har erfaring frå heile landet. Det betyr mykje for ein sektor med 115 medlemsmuseum – frå Kirkenes i nord til Lindesnes i sør.
Jakhelln har bidrege til fornying, vekst og synlegheit – særleg for kulturlivet i Nord-Noreg. Jakhelln er samlande og raus, strategisk og samfunnsengasjert, og ho ser alle sider av sektoren – anten dette handlar om museumsfaglege problemstillingar, ressursar, etikk og politikkutforming eller musea si samfunnsrolle i ei krevjande tid for demokratiet. Jakhelln har politisk teft og eit stort nettverk som vil kome til nytte i arbeidet som generalsekretær.
Jakhelln har i tillegg til stillingane som direktør for Norsk Luftfartsmuseum og Nordnorsk Kunstmuseum, vore fagsjef og konstituert direktør ved Nordlandsmuseet. Ho har òg jobba med kultur og museum i Nordland fylkeskommune, og ho er per tid styreleiar i Norsk kulturminnefond.
For meir informasjon, kontakt:
Styreleiar Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635 Hanne Kristin Jakhelln, mobil 902 09 533


