Trude Storheim, statssekretær i kultur- og likestillingsdepartementet, deltok i Museumsmøtets siste sesjon I grenseland: Kunst og kultur som forsonende, transnasjonal samarbeidsarena 15.april. Under kan du lese hennes tale. Sesjonen kan ses i sin helhet her.
Godtfolk,
Det er ei stor glede for meg å vere her i Kirkenes – ein stad der fortid og notid, og ulike kulturar, møtest. Her, 200 år etter siste grensedragning i Varanger, er me tett på dei geopolitiske realitetane som gjer årets tema så aktuelt: Museer som motmakt i politisk spel.
I år feirar Museumsforbundet 30 år. Gratulerer med ein imponerande innsats for musea i heile landet. Det er på sin plass å både sei takk og gratulerer!
Gratulerer òg til Saemien Sijte som fekk tldelt den gjeve prisen «Årets museum» i går. Utdelt av sjølvaste Dronninga.
Musea spelar ei avgjerande rolle i samfunnet vårt. De forvaltar vår felles kulturarv og formidlar kunnskap som gir grunnlag for refleksjon og kritisk tenking – i ei tid prega av ekkokammer, desinformasjon og polarisering.
Musea er kunnskapsinstitusjonar og fellesskapsarenaer. Dei er ein del av beredskapen i demokratiet vårt. Evna til å verne om det opne ordskiftet og stå imot autoritære krefter er ikkje noko vi kan ta for gitt. Ytringsfridomen må stadig forsvarast. Det er òg eit hovudpoeng i regjeringa si ytringsfridomsstrategi.
Midt i dette står de med noko ikkje alle andre institusjonar har: høg tillit. Tilliten til musea er ein styrke – men òg eit ansvar. For det er gjennom fagleg tyngd og openheit at publikum får tillit til det de formidlar.
Difor er det viktig å slå fast eitt heilt avgjerande prinsipp: Musea er ikkje – og skal ikkje vere – reiskapar for politiske styresmakter.
Armlengdes avstand-prinsippet er heilt sentralt. Når akademisk fridom blir pressa, og historieforteljing blir forsøkt omskriven – også i demokrati me lenge har sett på som stabile – blir dette viktigare enn nokon gong.
Me veit òg at kulturarv blir angripen i krig og konflikt. Ho blir øydelagd, stole og brukt i propaganda. Det viser kor stor kraft kulturarven har – og kvifor musea sitt arbeid er så avgjerande.
Kulturarv er aldri einsarta. Her i Aust-Finnmark har folk, språk og tradisjonar levd side om side gjennom hundreår – ofte i nærleik og samspel, men òg prega av spenningar og urett.
Musea har ei særleg viktig rolle i forsoningsarbeidet – som formidlarar av kunnskap, som arenaer for samtale, og som stader der forteljingar som lenge har stått i skuggen, kan bli synlege. Gjennom å skapa møtestadar der menneske kan møtast med eit ope blikk for det vanskelege i fortida, og med vilje til å bygge eit fellesskap prega av gjensidig respekt.
Innleiarane har på ein inspirerande måte vist korleis musea kan bli slike møtestader. Desse døma viser korleis krafta i kulturfeltet kjem frå fagfolk, kunstnarar og lokalsamfunn.
Regjeringa si museumspolitikk handlar om å støtte opp under denne rolla. Staten skal gi rammer – ikkje detaljstyre. Me skal verne om fagleg fridom og kreativitet. Samstundes skal vi støtte eit sterkt museumsnettverk, der store og små forteljingar frå heile landet til saman dannar den breie forteljinga om Noregs kulturarv og identitet.
Dette nettverket er avgjerande for kunnskapsdeling og vidare utvikling av sektoren.
Me står samstundes i krevjande tider, men eg veit at det finst stor kompetanse og mykje kraft i museumssektoren. Det gir eit sterkt grunnlag for vidare utvikling.
Kjære alle saman,
Musea gir oss kunnskap, fellesskap og rom for kritisk refleksjon. De styrkjer demokratiet og løfter fram eit mangfald av stemmer som gjer oss klokare.
De held samtalen levande – kvar einaste dag. Tusen takk for det.

