• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til primært sidefelt
  • Hopp til bunntekst

Norges museumsforbund

Din interesseorganisasjon for museumspolitisk arbeid og faglig utvikling

  • Nyheter
    • Kommende høringer
  • Arrangementer
  • Fagseksjoner
    • Samisk seksjon i Norges museumsforbund/ Sámi fágaossodat, Norgga Museasearvvis
    • Besøks- og attraksjonsutvikling
    • Formidling
    • Forskning
    • Immateriell kulturarv
    • Industri, kommunikasjon og anlegg
    • Kunst- og kunstindustrimuseer
    • Museumsledelse
    • Naturhistorie
    • Samlingsforvaltning
  • Jobb i museum
  • Blogg
  • Dokumenter
  • Om Museumsforbundet
    • Kontakt
    • Presse
    • Medlemmer
    • Vedtekter
    • Autorisasjon i Norges museumsforbund
    • Årets museum
    • Museumssignaturer

Uttalelse: Halde hovudet kaldt

Hanne Kristin Jakhelln · 11. november 2026

Når det stormar rundt eit museum, må styret femne om direktøren og dei tilsette. Ved Holocaustsenteret gjer styret det motsette – og lar seg presse av krefter frå utsida. Styret sitt manglande forsvar av direktøren, og senterets faglegheit og autonomi, er eit trugsmål mot den frie forskinga og styringsretten til direktøren.

Ole Aastad Bråten, styreleiar i Norges museumsforbund
Hanne Jakhelln, generalsekretær i Norges museumsforbund
Maja L. Musum, styreleiar i ICOM Norge

Det har storma rundt Holocaustsenteret den siste veka. I sentrum for direktør Heiret sin avgang står spørsmålet om tillit – mellom senteret og samfunnet, og mellom styret og direktøren. Styrets leiar, Hans Petter Graver, har lagt til grunn for direktørens avgang, at det ikkje lenger er tillit mellom senteret og samfunnet, det vil seie to organisasjonar med særlege relasjonar til senteret. Kva slags tillit styret sjølv har til direktøren får vi ikkje vite.

Dermed står vi att med dette eine, om presset frå utsida. Om det er slik, at direktøren har måtte gå på grunn av kritikk frå to organisasjonar, har ikkje senteret overhalde dei etiske køyrereglane nedfelt til Det internasjonale museumsforbundet. Her heiter det at:

«Museer verner om sin faglige uavhengighet. Det er viktig at museene forblir institusjoner med frihet fra andres styring og kontroll, i tråd med prinsippet om armlengdes avstand. De lar verken offentlige myndigheter eller private interesser […] svekke samfunnets tillit til egen integritet og faglige uavhengighet.»

Eit museum står i berøring med eit heilt samfunn. Og det er avhengig av tillit frå eit heilt samfunn. Samtidig, eit museum kan ikkje gjere seg til lag åt alle. Derfor må museet tole å vere brytematta der usemja og forhandlingane rår. Skal museet greie det, må det verne om sin eigen faglege integritet.

Styreleiaren viser til manglande tillit frå særleg to organisasjonar – B’nai B’rith Norgeslosjen og Det Mosaiske Trossamfund. Dette er ikkje kva som helst slags organisasjonar, men dei representerer ikkje «eit heilt samfunn». Kva reisten av samfunnet meiner om senterets arbeid, anten dette gjeld forsking eller formidling, har styret ikkje vurdert. I staden har dei lytta til dei eksterne organisasjonane – og sidan har direktøren vald å gå. Med styret si velsigning. Det kan sjå ut som om styret korkje toler usemje, eller vågar usemje. Det er skuffande.

I juni 2024 slutta Museumsforbundet seg til Universitets- og høgskolerådet si uttale der dei minna om dei tilsette sin ytringsrett, den akademiske friheita, og at universiteta og høgskulene – i staden for å flagge eigne politiske standpunkt, må legge til rette for dialog om vanskelege spørsmål og eit breiast mogleg mangfald av synspunkt.

Uttala er viktigare enn nokon gong.

Vi lever i ei tid med ekstreme spenningar – og haldningar. Ei oppgåve for musea er derfor å bygge bru mellom folk og samfunn med ulike perspektiv, erfaringar og tradisjonar. Eller slik tidlegare ICOM-president Emma Nardi har sett ord på oppdraget til musea:

“Around the world […] museums are working to build bridges within and between communities. In places once marked by division, museums are increasingly becoming spaces of reconciliation, participation, and shared identity. They serve as powerful symbols of the role culture can play in healing and uniting.»

Eit museum er ein kompleks, nærast umogleg organisme. Det er den kulturelle heimen til oss alle. Som skal forstå og forsone, og som må tole samtalen om det meste. Også det som er vanskeleg, det vi ikkje likar eller forstår.

Då treng vi kulturleiarar som ser kompleksiteten i samfunnsoppdraget. Som toler motstanden, og som tryggar kvardagen for den frie, uavhengige og sannheitssøkjande samtalen. Sjølv den samtalen vi ikkje likar eller forstår.


Forsidefoto: HL-senteret/Fridtjof Dahl

aktuelt, holocaustsenteret, ICOM Norge, museumsforbundet, uttalelse

Hoved sidebar

Podcast: Spreng grensene!

Søk autorisasjon NMF

Har du mastergrad eller doktorgrad og minimum to års variert museumspraksis, samt vitenskapelige arbeider i henhold til kriteriene, kan du søke om autorisasjon som konservator NMF eller førstekonservator NMF.

Søknadsfrist: 15. februar 2027

Les mer om autoriasjon og finn søknadskjema her.

Årets museum

Vinnere av Årets museum

2026 - Saemien Sijte
2025 - Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
2024 - Jektefartsmuseet, Nordlandsmuseet
2023 - Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
2022 - Valdresmusea
2021 - Universitetsmuseet i Bergen
2020 - Ingen prisutdeling
2019 - Oslo Museum
2018 - Blaafarveværket
2017 - Nordnorsk Kunstmuseum
2016 - Vest-Agder-museet
2015 - Nynorsk kultursentrum
2014 - KODE - Kunstmuseene i Bergen
2013 - Popsenteret
2012 - Vest-Telemark Museum
2011 - Norsk Teknisk Museum
2010 - NTNU Vitenskapsmuseet
2009 - Jærmuseet
2008 - Lillehammer Kunstmuseum
2007 - Museumssenteret i Salhus
2006 - Internasjonal Kultursenter og Museum (IKM)
2005 - Trøndelag Folkemuseum - Sverresborg
2004 - Midt-Troms Museum
2003 - Ingen prisutdeling
2002 - Norsk Skogbruksmuseum
2001 - Agder naturmuseum og botanisk hage
2000 - Norsk folkemuseum
1999 - Ryfylkemuseet
1998 - Museet i Erkebispegården
1997 - Kystmuseet i Nord-Trøndelag, Woxengs Samlinger

Museumsforbundet mener

Hold deg oppdatert på hva Museumsforbundet mener - høringsinnlegg og andre innspill fra Norges Museumsforbund publiseres jevnlig her.

Footer

Kontakt

Akersgata 43
0158 OSLO

Inngang i Lille Grensen

Tlf. 22 99 31 30
sekretariat@museumsforbundet.no


Logo NEMO      Logo Council of Europe

 

Følg oss på Facebook

Norges museumsforbund (NMF)

© 2026 · Norges Museumsforbund · Strand & Lund AS · Personvernerklæring