NTNU i Trondheim sett i haust opp eit videreutdanningskurs i bygningsvern.
Kurset er berekna på folk som jobbar i byggjebransjen og som kan ha ulik fagbakgrunn: arkitektar, byggingeniørar, faglærarar byggfag vgs., handverksfag og eigedomsforvaltning. Det kan også vere av interesse for folk som arbeider med samlingsforvaltning ved bygningsmuseum/friluftsmuseum.
Kurset gir grunnleggjande kulturminneforståing og kompetanse i korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ta vare på dei på best mulig måte. Kurset gir også overblikk over relevant lovverk og metodar for bygningsdokumentasjon.
Opptakskrav er generell studiekompetanse og minimum to års relevant yrkesbakgrunn.
Kurset er samlingsbasert, med dels fysiske og dels digitale samlingar, og lar seg godt kombinere med jobb. Kursstart er 2. september. Det er tre mindre skriftlige arbeid undervegs og ei avsluttande case-basert prosjektoppgåve med leveringsfrist 25. november 2026.
Under føresetnad av godkjente skriftlige arbeid gir kurset 7,5 studiepoeng.
Kurset er gratis, men semesteravgift på kroner 700 må betalast.
Søknadsfrist er onsdag 1. juli.
Lenke til nettside: Bygningsvern – Kurs – EVU – NTNU
For meir info, kontakt Institutt for historiske fag v/førstekonsulent Siv Randi Kolstad, epost siv.r.kolstad@ntnu.no, tlf. 73 59 64 33, eller emneansvarlig, professor Aud Mikkelsen Tretvik, epost aud.tretvik@ntnu.no, tlf. 73 59 64 49.
Foto: Aud Mikkelsen Tretvik (forsidebilde)

