
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Kontroversielle berekraftutfordringar i vitensenter og museum
27. mars // 13:00 - 14:00
Museum og vitensenter har stor tillit i samfunnet og har difor eit unikt potensiale for å bidra til ei berekraftig utvikling. Det internasjonale rådet for museum forpliktar medlemmene sine til å arbeide aktivt for ei berekraftig framtid (ICOM, 2019). Samtidig står musea ovanfor krav om auka eigeninntening og privat finansiering, noko som gir eit press utanfrå om styring av museet sitt innhald.
Utstillinga om lakseoppdrett som er utforska i denne studien ligg i eit vitensenter og er sponsa av eit oppdrettsfirma. Det var ein representant frå sponsor og utstillingsansvarleg ved vitensenteret som laga utstillinga. Vi ønskte å sjå på spenningane som oppstod mellom sponsor og vitensenter og diskutere implikasjonane for berekraftsundervisning. Studien stiller spørsmål ved føremålet med uformelle læringsarenaer som vitensenter og museum. Kva er musea for?
Trude Nordal er doktorgradsstipendiat i berekraftdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho er Cand. scient. i biologi og har jobba som lærar. Studien om lakseoppdrettutstillinga er gjort saman med Majken Korsager og Ingrid Eikeland ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo.
Se hele programmet for Museumspedagogisk seminar våren 2025