- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Museumspedagogisk påskeseminar
19. mars 2018 // 09:00 - 16:00
kr 250-kr 450Museumspedagogisk påskeseminar er eit tilbod til museumsformidlarar frå heile landet. Her blir me kjend med andre som arbeider innan same felt, lærer av kvarandre, deler erfaringar, diskuterer og held føredrag. Føredraga spenner frå formidlingserfaringar museumsfolk ynskjer å dele til forsking innan museumsfag.
Museumspedagogisk påskeseminar er ein uhøgtideleg konferanse som finner stad i salen på Tøyen hovedgård ved NHM. Tøyen hovedgård er ei oppleving i seg sjølve. I 2006-2007 blei han restaurert og innvendig ført attende til perioden frå slutten av 1700-talet til tidleg 1800-tal, ein periode som stilmessig omfattar både rokokko og louis-seize. Museumspedagogisk fagdag blei arrangert fyrste gong i 1995, og tidspunkta er alltid måndag før palmesundag. Seminaret inneheld føredrag, diskusjonar, utstillingsbesøk og uformell prat i pausane.
Kontaktperson
Anne Birkeland
Telefon: 22 85 17 97
E-post: anne.birkeland@nhm.uio.no

