- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Program for seminar i seksjon for leiing 2024
14. oktober - 15. oktober
Bergens Sjøfartsmuseum
Korleis prioritere når alt er viktig og ingenting skal bort?
Deltakerliste NMF leierseminar 2024_11102024
NMF_seksjon for leiing – program endeleg
I tiåret framover er det sterke signal om at musea sjølve må prioritere innanfor dei rammene vi allereie har. Forventingar om auka publikumsaktivitet, god forvalting og auka forskingsaktivitet blir ikkje automatisk følgd opp av auka løyvingar.
Det betyr at kravet om relevans blir enda viktigare. Både offentlege og private tilskottsgivarar ønskjer å sjå kva som blir levert tilbake. Publikum må halde fram med å velje musea i konkurranse med andre tilbod, både for å sikre inntektene, men ikkje minst for å sikre legitimitet. Korleis kan musea bli så viktige aktørar at vi er vanskelegare å velje bort, og korleis kan vi gjere det synleg?
Kor stort rom får musea frå offentlege tilskotsytarar til å velje bort det som ikkje ber seg. På kva måte utfordrarar kravet til eigeninntening oss fagleg på godt og vondt? I prioriteringsdiskusjonen er det også eit spørsmål om vi alle kan bli best på alt. Kan vi tenke oss ei større oppgåvefordeling mellom musea, og tyder det i så fall at tanken om generalistmuseet blir svekt?
Å velje å bli god på noko stiller nye krav til leiaranes evne til å prioritere, kommunisere og samarbeide. Me må stå for både prioriteringar og val. På same tid opnar oppgåvedeling rom for nye samarbeidskonstellasjonar, både musea mellom og med eksterne aktørar utanfor sektoren.
I årets leiarseminar vil vi opne for diskusjonar og refleksjonar rundt handlingsrommet vi får som leiarar frametter, og kva endringar som møter oss. Vi vil invitere til erfaringsutvekslingar mellom ulike museum, og også invitere til erfaringar frå andre kulturverksemder med offentlege bidrag, og som har stått i omstilling. Får vi ein politikar til å tørre tenke høgt om dilemma i prioriteringsdiskusjonen, kanskje som oppfølging frå statsbudsjettet?
Noen foredragsholdere: Stener Kvinnsland, Nils Marius Jensen, Ellen Aslaksen, Hege Hauge Tofte, Jan Heggheim, Gunnar Bovim, Stian Jean Opedal Davies, Henriette Sæther Tveit mm.
Seminaret blir halde på Sjøfartsmuseet i Bergen, og vi har førehandsreservert 100 rom på to ulike hotell. Reservasjonen og prisen står til 30. august, etter dette må ein eventuelt finne eige rom.
Det er svært fullt i Bergen den veka, så bestill snarest!
Comfort Hotell Bergen
E-post: booking.co.bergen@strawberry.no
Bookingnummer: NOF141024
Pris avtalt kr 1390,- pr enkeltrom (1 person) og kr 1590,- pr dobbeltrom (2 personer)
Clarion Hotel Admiral
E-post: konferanse.admiral@strawberry.no
Bookingnummer: BK-01241
Pris avtalt kr 1890,- pr enkeltrom (1 person) og 2090,- pr dobbeltrom (2 personer)
Hugs at du må reservere med ditt eige kredittkort, vi kan ikkje ta hand om faktureringa.
Vi ønskjer alle velkomne til årets seminar i seksjon for leiing. Påmeldingsskjema finner dere her: Invitasjon til Norges museumsforbundets leierseminar 2024
Seminaret begynner mandag 14. oktober med registering kl. 10, program fra 10:30 og vi avslutter kl. 13 på tirsdag 15. oktober 2024.